2.11.05

Brevkurs i melankoli

Hilde fortalde meg i dag at ho ein gong hadde fått eit brevkurs i melankoli, av sin ven Frode. Det gjekk over fleire veker. Men det gjekk ikkje inn. Ho var framleis ikkje i stand til å vere melankolikar. Eg forstod noko då, trudde eg, klokka fem over eitt, over eit smørbrød med skinke og parmesan, ein kaffi og eit glas vatn, nemleg at heller ikkje eg ville hatt noko nytte av eit slikt kurs. Det ville ikkje ha gått inn. Eg ville ha stanga mot melankolien og ikkje kome inn, og forstått at det einaste eg kunne forstå var det ekstatiske.

4 kommentarer:

David sa...

Det du skriv minnar meg om noko Arvid skreiv til meg ein gong:

”Melankolien er ei einsam lykkekjensle. Ekstasen er ei kjensle som overgår lykka – og lar oss følgjeleg studere lykka, forklare henne. Så har vi kroppen og svimmelheita, det einaste som ekstatikaren og melankolikaren har til felles. Men kan dei forklare dette fellestrekket for kvarandre? Nei. Begges skriving er ei maske grodd fast i andletet. Altså: Eit spel som ikkje lenger er eit spel. Vi snakkar derfor om noko som er djupare enn ein overfladisk, dum tradisjon.”

Arvid sa ofte at ekstatikaren er den ekte estetikaren. Melankolikaren kunne ”ta seg i tarmen”, som han uttrykte det. Ei lita sjølvmotseiing der frå melankolikaren Arvid, vil eg påstå.

synnik sa...

dette forstår jeg ikke. hvem kan studere lykken uten å samtidig være melankolsk?

arvid sa...

For det første: Eg har aldri skrive noko slikt til David. Han er ein hyklar. For det andre: Spørsmål av kulturhistorisk karakter, slik som blomsterspørsmål, melankolispørsmål og kristenspørsmål, er noko vi burde diskutere etter døden, ikkje før. Det får bli opp til menneska (les: dyra) å leve og diskutere som dei vil. Men det får ikkje bli opp til menneska (les: dyra) å legge ord på ein tenkande tunge. Eg kan love dykk at det klør. Her og no kjenner eg det som om Gud er misunneleg på meg, og flettar sjølv dei næraste menneska (les: dyra) mine inn i greinverket mitt. Eg er eit tre. Orda mine er sevje: Næringsrik, klissete og sensuell. Når språket mitt størknar, kan de bryte av ein bit, ein etter ein. Men ikkje sett dei saman på nye måter, og sei at det er boka mi! For det tredje: Det er umuleg å studere lykka, melankolsk eller ikkje. Tru meg: Eg har prøvd. (Men så er eg jo alltid full av angst...)

H. sa...

Men uten melankoli, hvordan se slanger gjennom tårer?
oo
3o
o3
oo