12.3.05

Kvar dag gir meg lyst til å skifte farge. Og form. Kva tyder det? Ei redsle for innhald? Alle kan jo sjå at innlegga på denne bloggen til dømes har blitt kortare og kortare. For først og fremst kjem jo denne lysta til uttrykk her: sjølv om eg skulle ha lyst til å male meg i ansiktet, skifte kroppsform dagleg, så gjer eg ikkje det.

Ein gong leste eg ei bok av ein amerikansk journalist frå New York som på femtitalet smurte seg inn med brunkrem og skokrem og reiste rundt i sørstane eit heilt år for å oppleve på kroppen korleis det var å vere svart. Det var i grunnen ikkje det eg tenkte på. Men det var ei fascinerande historie.

6 kommentarer:

Susanne Christensen sa...

Her var en stump bra selvreflektion -- Kommer du forbi Stockholm, forresten, Ø?

Susanne Christensen sa...

You feel (erh) a wee bit brown today?

Unknown sa...

Ja, brun i dag.

Fredag den 18. kjem eg til Stockholm, men reiser truleg rimeleg kjapt vidare til Visby. Dei billege billettane glapp kanskje for meg, så eg er litt usikker på tidspunktet foreløpig. Men helga frå 1.-3. april tenkte eg å vere i Stockholm.

Susanne Christensen sa...

Yep! Hvis du mangler sted at bo kan jeg måske fixe det. Bor i kollektivhus med ekstra værelser til låns rundt omkring.

Anonym sa...

Jag är i St.holm 18 / 19 om du vil fika (lunsj, kanske?) för du drar til Visby?

Och om du inte har tid ses vi nog i Bergen efter påsk.

Unknown sa...

Nedanfrå og opp:

N.n.: Ja, takk, gjerne, om det er tid. Veit ikkje enno.

Susanne: Ja, takk, det hadde jo vore aldeles strålande. Om det går!

Espen: Vi snakkar om ein som var eit tiår tidlegare ute enn Wallraff. Men kvifor eg har Wallraffa sida mi? Nei, dette er ikkje wallraffing, det må meir til. Dette er berre eyeliner.