29.12.07

Georginene

Han bryr seg ikkje om nokon ting lenger. Finst ikkje noko som kan få han til å lee på augeloket ein gong. Eg tenkte eg skulle få han til å vakne litt, så eg nemnde georginene mine. «Det er dårleg år for georginene,» sa eg til han. Men nei. Han berre sat der. Han som brukte å vere så opptatt av georginene. Eg visste ikkje kva eg då skulle seie.

1 kommentar:

Silje sa...

visste ikkje at du var opptatt av blomster. lærer stadig noko nytt om deg. agorafobien din til dømes. kom helt ut av det blå.