19.3.06

Tingen i dag

Eg byrjar å føle at dei to kategoriane som på mange måtar legg premissa for tilveret vårt, nemleg tid og stad, er utilstrekkelege. Vi treng noko meir, ein tredje, for ikkje å seie ein fjerde kategori.

Og viss vi i tilknyting til dette skulle snakke om dimensjnar, finst det jo noko fysikarane kallar rommet si krumming, men der må eg berre melde frå at dette ikkje er noko eg ser mykje til for tida.

Framleis i Oslo, men eg kan plutseleg vere å sjå andre stader, og dit tek eg fly.

2 kommentarer:

Mona sa...

Tid og rom funker ikkje for meg heller, då passar det bedre med "dimensjnar";) Korleis har du det i snøstaden?

Unknown sa...

Kjære moon,

det eg ser av snøstaden er med få unntak t-bane, kontor, t-bane, seng; t-bane, kontor, t-bane, seng; t-bane, kontor, t-bane, seng; &c, &c, &c, &c, TV, &c og så mykje anna er det ikkje tid til for tida. Men eg klagar ikkje. Snart er det påske og vår.

Når det gjeld dimensjonar kan det vere det same, gi meg heller rommet si krumming, så ofte du vil!