20.10.05

Kjærleik og vond medisin

Kanskje som eit (indirekte) apropos til den vesle debatten på Ragnfrid sin blogg om Bergen internasjonale filmfestival sitt «Out of Africa»-program: meldinga mi av The Constant Gardener.

19.10.05

Nynorsken og Mac-en

«Eg er nok på eit vis meir elitist enn demokrat, dessverre kanskje. Og her minner faktisk nynorsken og Mac-en ikkje så reint lite om kvarandre. Begge er – unnskyld meg! – langt betre enn alternativet, og likevel står ein så svakt i forhold til alternativet at utrydding trugar. Men det skjer ikkje. Takka vere blant anna slike som meg. Eg har vanskeleg for å skjøne at det skal vere slik i verda. Både når det gjeld nynorsk og når det gjeld Mac. Og slik er det jo utruleg nok på dei fleste andre omkverve, enten det no gjeld litteratur eller teater eller båt (for å ta tre område som interesserer meg).»

Eit intervju med Jon FosseGeir Werners blog.

10.10.05

Summen av det som aldri vart

Sidan det ikkje skjer så mykje anna spennande her på bloggen for tida, kan eg jo like godt leike lenkeleiken: Meldinga mi av den nye filmen til Jim Jarmusch (Dag og Tid). Det var ein film som var lett å sjå, og lett å skrive om.

5.10.05

Det skulle vel kunne bli høyrt

... er ei av tydingane/tolkingane av det latinske namnet på poesifestivalen Audiatur. No har nettsidene endeleg blitt oppdaterte.

What does it matter who is writing?

Overskrifta er eit feilsitat. Det skulle vere slik:

«What does it matter who is speaking,» someone said, «what does it matter who is speaking»*

Endå ein gong dukkar det opp ubestridelege bevis for at Shakespeare ikkje skreiv Shakespeares skodespel. Denne gongen er det diplomaten Sir Henry Neville som får skulda, i boka The Truth Will Out, via eit arsenal av indisiar og fleire aktstykke (statistiske, dvs. kvantitative analyser av brev, og eit papirark der Neville har øvd seg på Shakespeare sin signatur). Teorien blir no diskutert heftig, mellom anna her.

Blant dei mange tidlegare kandidatane til Shakespeares eigentlege identitet, var Edvard de Vere, den 17. Jarlen av Oxford, mellom anna fordi han i 1578 i eit dikt skal ha blitt beskreven på denne måten av ein studiekamerat:

«Thy will shakes spears»

Seinare har det vist seg at dette var ei unøyaktig omsetjing frå latin, som framleis blir diskutert her.

*Og kven sa dette? Beckett, sitert av Focault i «What Is an Author»? Betyr det noko?