20.10.05

Kjærleik og vond medisin

Kanskje som eit (indirekte) apropos til den vesle debatten på Ragnfrid sin blogg om Bergen internasjonale filmfestival sitt «Out of Africa»-program: meldinga mi av The Constant Gardener.

15 kommentarer:

MGL sa...

Takk for igår, Øystein!

Jeg leste faktisk Constant Gardener i sommer, og jeg må si at John LeCarre faktisk ikke skriver den slags bøker til vanlig. Han var visstnok full av rettferdig harme fordi en venn av han (som karakteren Tessa er basert på) døde rett før han skrev den. Men jeg har inntrykk av at LeCarre vanligvis skriver ganske kompliserte, moralsk vanskelige spionromaner. Jeg har kun lest the Russia House selv, og den var virkelig slett ikke verst. Constant Gardener, derimot, litt for sjablongaktig.

Anonym sa...

kva med å sukre billettpilla litt, så det faktisk vert kjærleiksmedisin heilt til køben.

Lille Trille er vonbroten over å vere einaste reiseleiar.

Anonym sa...

Ø, eg lurar på om det kanskje kan vere din lesesalsplass eg driv og lånar om dagane, sjølv om det står eit jentenamn her. Difor lurar eg på kva du skriv om? Eg ville ikkje synst det var så skummelt å sitte her om eg visste det var plassen til ein gamal kjenning.

Maria

ø sa...

Maria,

for lenge sidan skulle eg rydde lesesalsplassen min. Men enno har eg ikkje gjort det, nei. Det som kjenneteiknar plassen min er at dei fleste bøkene er på portugisisk, og at dei enten er av Fernando Pessoa eller om Fernando Pessoa.

Er det der du sit?

Eg har høyrt mostridande rykter om kven som brukar plassen min, men dette er første gongen ditt namn har kome opp.

Kanskje på tide at eg kjem innom ein tur.

Neste år tenkte eg å gjere ferdig oppgåva mi òg.

Neste år. No har eg skrive det her, så då må eg kanskje faktisk gjere det.

ø sa...

Martin,

eg dissar le Carré utan å ha lest Carré, rett nok utan å late som eg har lest han. Men likevel. Eg tenkte: eg har levd i over 29 år, og enno er det ingen som har anbefalt meg å lese ei bok av John le Carré. Eg har sett folk lese le Carré, eg har høyrt om folk som har lese le Carré, eg har sannsynlegvis snakka med folk som har lese le Carré, men aldri har dei snakka til meg om det. Har dei halde det skjult? Uansett kva bakgrunnen er, har dei ikkje funne det bryet verdt å prakke på meg ei bok av le Carré, og dermed trekte eg den slutninga at eg fint kan leve og snakke i verda utan le Carré. Men eg er open for at eg tek feil, sjølvsagt. Tek eg feil? Eg held døra open, eller, nei eg held ikkje døra open. Eg låser henne til og med, med ein spesiallås som er svært vanskeleg å dirke opp. Ikkje heilt umogleg, kanskje, men svært vanskeleg.

ø sa...

Lille trille,

kjærleiksmedisin skal bli.

Det trengst berre litt tid for å finne den rette blandinga.

Det er ikkje nok med sukker.

Du veit det, sant?

Det er ikkje nok med sukker.

Og ikkje kom dragande med sukettar.

Og ikkje ver vonbroten. Det trengst tid, det trengst strid.

Anonym sa...

Ja, det er der eg sit! Det var nok det eg tenkte. Etter kvart, i alle fall. Jentenamnet gjorde vel sitt til å forvirre meg.

Er det kanskje greitt at eg lånar plassen dei dagane du ikkje er der? Eg lovar å forsvinne som ei and i ein fillehaug dersom du kjem.

Maria

MGL sa...

Neida, vi holder ikke noe skjult. Man kan fint gå et helt liv uten å lese leCarre. Men han er god flyplasslektyre, i det minste.

Anonym sa...

MGL, siktar du til at det er dumt å ta lesesalsspørsmålet her? Eg er kanskje einig, men eg visste ikkje korleis eg elles skulle finne ut av det. Orsak til Ø.

Maria

Anonym sa...

MGL, siktar du til at det er dumt å stille lesesalsspørsmål her? Eg er kanskje einig, men eg visste ikkje korleis eg elles skulle få spurt. Orsak, Ø.

Maria

Anonym sa...

Gr. Internettproblem, orsak det óg.

M

ø sa...

Maria, det er heilt i orden at du brukar lesesalsplassen, for det er ikkje min plass lenger, eg har for lengst fått utvetydig ordre om å rydde (av den myndige instituttstyrerepresentanten), noko eg gløymer dag for dag, veke for veke, månad for månad. Rart med det. Eg går ikkje forbi det området lenger. Men i dag gjer eg det. I dag kjem eg forbi for å ta med nokre bøker, så mange eg kan bere.

Anonym sa...

Å, eg visste ikkje det med ryddeordra. Men bøkene må gjerne stå her for min del (som om eg har noko eg skulle ha sagt). Ei av dei står med ryggen til meg, og eg likar å prøve å tyde det framande språket teksten bakpå.

M

MGL sa...

Neida, jeg refererte med "vi" til leCarre-lesere.

glassdråpe sa...

Ø MÅ RYDDE PLASSEN SIN


SINT PERSON