16.9.05

Psykodrama med utsikt

Eg bur i eit digert laks-rosa hus i ei skråning med utsikt over ein temmeleg turistifisert by. Kanskje eg skulle skreve kvar eg er? Tja, om du ikkje veit det, kan du jo gjette. Når eg ser ut vindauget ser eg Tyrkia i nordvest, men eg er ikkje i Tyrkia.

Her bur eg saman med ein handfull karakterar, alle middelandrande forfattarar og omsetjarar. Bortsett frå G. Eg kjem tilbake til G.

Det er den slovenske oversettaren L, alltid overstrømmande, nesten hysterisk glad, og så dyreglad at ho ikkje klarer å gå innanfor ti meter av den overbygde verandaen, fordi det der er tre fuglar i bur, og som nær heldt på å gå til fysisk angrep på den eldre russiske forfattaren O, som insisterande prøvde å servere henne kjøt.

O kan ikkje karakteriserast som noko anna enn fullstendig sprø, ute av stand til å ytre ei setning med noko form for samanheng med den føregåande, alltid manisk parat til å vaske kva som helst, når som helst, og alltid klar med nokre stygge russiske glosar i retning av tyske C, som ho av ukjende årsaker hatar intenst og brennande.

Vi har den britiske romanforfattaren og poeten S, som der ho sit og klagar si nød over at turistane er «so uneducated», kjem til å likne ei slags overklasse-utgåve av mora i komiserien Absolutt fabelaktig. Under dei to middagane vi har hatt på terassen her til no, har ho merka seg ut ved å veive med armane og rope «Help! Help, get me out of this psycho-drama!» med ein desperasjon eg må innrømme at eg delar.

Det er den milde pensjonerte polske oversetjaren B. Ho tek ikkje nokon ting tungt, prøvar stadig å få folk med på nakenbading om natta, og inngår i eit folkehøgskule-fysisk forhold til G.

G er ein georgisk erke-homse, og alle dei føregåande sin favoritt-erke-homse, ekstremt lik Yngve frå Borettslaget, og med ei fin tenorstemme han når som helst kan bruke til å synge georgiske eller greske slagarar.

I tillegg er det den skumle dama som bur i anekset, og som brukar alle tilgjengelege høve til å skjelle ut husmora her, L, tilsynelatande utan andre årsaker enn at ho er jødisk. Den skumle dama har også ein skummel hund.

Akkurat no føler eg meg utmatta.

5 kommentarer:

Rue de Bernières sa...

Kven kan klandre deg?

Kristoffer Jul-Larsen sa...

Hvis noen blir drept er det en glimrende krim. På TV vel å merke. Krim er bare bra på TV.

mrtn sa...

Det var akkurat det jeg tenkte, også. At det hørtes ut som de første tre kapitlene i en Agatha Christie-roman.

Det var kanskje fordi jeg så Poirot igår.

Anonym sa...

jeg kjenner meg best igjen i lille O. Godt at jeg har en gresk gen-tvilling. Jeg burde likne på S, men kanskje det bare er mitt pretensiøse jeg som gjør det.

til det polemiske jeg: du har en innledning å skrive, ikke tid ti krim. selv om det er litt krim: hvor blir kvinnelige litterater av.

lille trille

Kristoffer Jul-Larsen sa...

Pøh! Innledninger skrives ikke. De holdes.