25.9.05

Det undulaten seier før eg dreg

Ein siste føremiddag i huset i skråninga over Rhodos by. Eg sit på ein overbygd veranda, full av plantar og av fire fuglar i bur, som blandar seg inn i skrivinga. Det kjennest ut som om dei kommenterer setningane mine. Eg kjenner meg forplikta til å stryke, eller eg kjenner meg oppildna. «Heia!» roper dei (liksom). «Slik skal det vere!» «Herleg!» Eller dei seier: «Fortell mi historie, då vel! Det er vel for kjedeleg for deg. Det er ikkje så kjekt å sitje i bur, dag ut og dag inn. Det er, for å seie det rett ut, heilt forferdeleg. Men du skal no alltid ha det så spennande, så utruleg, så uføreseieleg. Du er nøydd til å bli betre på monotonien, betre på kvardag.» Dette (som må vere den lengste setninga fuglen har kvitra nokon gong, eller i alle fall på lenge) får meg til å tenkje. Og eg lovar han at etter dette skal eg kanskje skrive noko meir kvardagsleg, ja, kanskje til og med kjedeleg.

«Er du redd for det? For å skrive kjedeleg?» spør fuglen.

«Hm. Det er nok ei svakheit eg har», svarar eg.

«Men eg sa ikkje at du skulle skrive kjedeleg, berre at du er elendig på kvardag. Det er akkurat som om du trur kvar dag skal vere ein fest.»

«Ja? Skal ikkje kvar dag vere ein fest?»

«For deg, kanskje. Men for meg, som sit her, dag ut og dag inn, ser ting litt annleis ut. Eg har lært meg å sjå dei små tinga, og setje pris på dei.»

Eg takkar undulaten for innspelet, og seier at eg skal ta det med meg. Eg trivst relativt godt som eg har det, seier eg, men eg er open for at eg ikkje strekk til når det gjeld kvardag.

Eg har ikkje fått skreve så mykje desse to vekene som eg hadde håpt. Men eg har fått mange gode idear. Nokre gongar har dei vore så gode at eg berre har site og godta meg over dei i timesvis. Og eg byrjer å ane ein slutt. Ein slutt og ei byrjing. Og ein midt. Og alle dei små tinga mellom desse.

Ingen kommentarer: