23.5.05

Ein kvantitativ analyse av Ekko av Øyvind Vågnes

I går kveld var det lanseringsfest for den nye boka til min gode ven Øyvind Vågnes. Øyvind hadde i det høvet bedt meg seie nokre ord. Kva skulle det vere om? Eitt eller anna om uhell, ulukker, spikrar eller mygg eller noko. Var det det? I alle fall sende han meg boka i elektronisk form. Så eg skulle få sett meg inn i saka. Fekk eg det? På eit vis. Eg starta med ei øving som er svært nærliggande i desse forvirrande, fragmentariske, og utflytande tider, nemleg: kva kan ein seie om ei sak utan å setje seg inn i ho? Eller, meir spesifikt: kva kan ein seie om ei bok utan å høve til å lese ho på den korte tida ein har tilgjengeleg?

Ein kan kanskje seie noko om ei bok berre ved å halde henne mellom hendene, om form, tyngde, typografi og så vidare, men det stiller seg litt annleis når eg no har ho i elektronisk form.

Likevel ville eg prøve å svare på spørsmålet "kva slags bok er eigentleg Ekko av Øyvind Vågnes?" utan å faktisk lese boka. Eg ser litt vekk frå at eg tidlegare har lese utdrag av boka, mellom anna fordi Øyvind har sendt meg utdrag på e-post. Dette ser eg berre som forstudium til dette studiet. Eg ser også vekk frå at Øyvind som sagt er ein god ven, noko som vanlegvis ville få meg til å føle meg inhabil i høve til å omtale boka som bokmeldar. I dette tilfellet er det nemleg snakk om ei fullt ut objektiv analyse. Sjølv om eg vanlegvis vil nøle svært lenge med å ta ordet objektiv i munnen, er det full ut på sin plass her, då dette er snakk om ein metode som let boka sjølv gi svara.

Lat oss gå i gang!

Øyvind ba meg seie noko om uhell. Ordet uhell, kan eg fortelje, kjem to gongar i Ekko (Ein gong i setninga "Julia meinte eg hadde vore uheldig med Chen’s gourmet, der eg hadde kjøpt mitt første måltid i New York, og at eg aldri, aldri burde bestille chop suey." på side 153, Og i setninga "Vi var uheldige i dag, sa Scott." på side 161), men ting tyder på at det handlar meir om ulukker, for ordet ulukke førekjem 10 gongar. Og medan vi er i gong (eg baserer dette på ting eg veit om Øyvind): ordet keitete kjem fire gongar.

Ordet vondt støter vi på 12 gongar, men ordet smerte er merkeleg nok berre brukt ein gong: og då faktisk i setninga "Pirka og grov, utan teikn til å kjenne smerte", på side 322. Ordet hjelp har 56 førekomstar i boka. No byrjar vi å nærme oss noko. Det er ei bok som har med å hjelpe kvarandre å gjere.

Av dei stikkorda Øyvind gav meg er spikar den suverene vinnaren. Spikrar blir nemleg nevnt 52 gongar i boka. Men når vi går vidare ser vi at føter blir nemnde endå oftare, nemleg 73 gongar (45 gongar i bestemt form, tre i ubestemt form, og 25 i fleirtal)

Om ein byrjar å kike nærare på verba i boka, ser vi at Ekko er ein relativt bedageleg roman. Personar i boka går til saman 399 gongar i løpet av dei 349 sidene, medan dei spring berre 24 gongar

Når det gjeld dei store spørsmåla, kan vi trygt slå fast at Ekko er ein optimistisk roman: medan døden blir nevnt 27 gongar, blir livet trekt fram heile 135 gongar.

Korleis er det med det lydlege? Vi veit at Øyvind er ein mann som likar å høyre på musikk. Men medan ordet musikk står 20 gongar i romanen, kjem ordet stille nesten fem gongar så ofte: 95 gongar.

Eit spørsmål som ikkje ofte blir teke opp i bokmeldingar, er det som knyter seg til lesaren sine spesielle behov, angst eller fobiar. Lesaren kan til dømes spørje: "Eg som ikkje toler nakne folk, stygt språk eller vald, kan eg lese denne boka?"

Den kvantitative metoden er svært godt eigna til å svare på desse spørsmåla.

Først: Er det mykje nakne folk i Ekko?

Det må setjast opp eit reknestykke:

6 x "naken"
+ 1 "avkledd"
+ 3 "kledd av"
+ 1 "ikkje kledd på seg" (side 273)
+ 3 "kledde på" (ein skjønar sjølvsagt at ein først må vere avkledd for å kle på seg)
+ 1 "fekk på meg reine klede"
+ 1 "fekk på meg nye klede"
+ 1 "brydde meg ikkje med klede", s 88
= 16

Og så motreknestykket:

1 x "påkledd"
+ 5 "kledd i" (ein skjønar sjølvsagt at ein må vere påkledd for å vere kledd i noko)
= 6

Svaret: Ikkje berre er det mykje nakne folk i Ekko, det er faktisk to og ein halv gong så mykje nakne folk som påkledde folk. Dermed ser vi at Ekko ikkje er ei trygg bok for deg som ikkje toler nakne folk.

Spørsmål: Er det mykje stygt språk i Ekko?

Stygge ord:
Faen: 2 gongar
Herregud: 4 gongar.
Helvete 3 gongar
Jævlar: 1 gong

Fine ord:
God/godt: 83 gongar
Snill: 3 gongar
Grei: 3 gongar
Fantastisk: 2 gongar
Nydeleg: 1 gong
Vakker: 5 gongar

Viss ein måler det stygge opp mot det fine, så er det ingen konkurranse. Ekko er ei god bok for deg som likar fint språk.

Spørsmål: Er det mykje vald i Ekko?

45 gongar er det nokon som slår kvarandre i Ekko. Det er ingen som drep kvarandre.

Viss vi samanliknar "slå" med andre typar kontakt mellom menneske, til dømes kjærteikn (1 gong), stryking (12 gongar) legge handa her eller der (7 gongar), legg til "ho lente seg mot meg" (på side 322), og til slutt plussar på dei 13 kyssa i Ekko (her kan vi for øvrig anekdotisk legge merke til at det er berre to kyss før side 222, då det til gjengjeld går slag i slag, med eit nytt eit på side 226 og heile tre stykker på side 227), likevel er vi berre oppe i 33, og altså ikkje i nærleiken av førekomsten av ordet "slå", så vi kan nok slå fast at når det gjeld det mellommenneskelege, så er Ekko ein relativt valdeleg roman.

Kva har forrangen i Ekko?, hovud eller kropp?
Hovud: 43
Kropp: 45

Reise eller vere her?
Reise: 61
Vere her: 2

Draum eller røyndom?
Draum: 79
Røynd: 1 + 28 x "verkeleg" = 29

Skugge eller sol?
Skugge: 12
Sol: 32

Stemme eller skrift?
Stemme: 21
Skrift: 14

Snakke eller teie?
Snakke: 62
Teie: 0

Ja eller nei?
Ja: 130
Nei: 74

(Her må eg påpeike at statistikken er korrigert. Ein hadde nemleg gløymt å rekne inn at ordet "ja" oftast har teiknsetjing etter seg, som i "Ja, det har du sagt før òg", og ikkje står åleine! Huff!)

Konklusjonen må altså bli at Ekko er ein skikkeleg ja-roman!

Til slutt må vi og sjå på nokre av dei orda som kjem aller oftast, her representert ved pronomena.

Pronomenet "han" kjem oftare enn pronomenet "ho" i boka:
Han: 963 gongar
Ho: 737

Kva fortel dette? Eg held spørsmålet ope.

Pronomenet du blir brukt 1238 gongar.

Pronomenet eg stikk av med prisen. Eg og meg blir nevnt 4583 gongar i løpet av romanen. Dette er jo ikkje overraskande, men kanskje vil det kome uventa på mange at "eg" med dette tek innersvingen på "det", med 3783 førekomstar. Vi kan dermed også konkludere med at Ekko er ein skikkeleg eg-roman òg.

Med dette vonar eg å ha lagt grunnlaget for at kvantitativ analyse kan bli langt meir nytta i sekundærlitterær samanheng, det vere seg kritikk, teori eller litteraturhistorie.

13 kommentarer:

stina sa...

Ja, eg har jo vore så heldig å få høyre denne analysen munnleg - ei fin oppleving - og kan lova at eg i mi nyss påbyrja litt.vit.-karriere skal jobba for at kvantitativ analyse á la Vidnes blir ein høgt respektert og mykje nytta metode på Høyden/Høgda/Høgden.

Anonym sa...

PLAGIAT

hm, hvem var det som først uttalte at dette burde innebære paradigmeskifte, og hevdet å få metodikken rett inn på mastergradsnivå???

steingildra er en kopikatt med grunnfagspoter!

ø sa...

Kven det var som uttalte det? Jo det var vel du, det, "anononymous"! Credit where credit is due!

ø sa...

Men det må mange hovud til for å lage eit paradigmeskifte.

stina sa...

Silje og jeg er jo på mange måter et tohodet troll, og tilsammen utgjør vel det fire? Med Vidnes i spissen blir det fem.
Skulle kanskje holde?

Silje:
1)Nå må du slutte å kalle andre feige for å kommentere anonymt når du selv strør om deg med kommentarer signert Jane Doe.
2)Du kan jo forsøke å kjøre solo, så skal du se hvor godt den kvantitative metode slår an. Det ligger jo i navnet, gjør det ikke?

MGL sa...

Jeg er med! Kvantitativ analyse er fremtiden!

Anonym sa...

Dette var veldig morosamt, Øystein.

Gørr og tørr kommentar til noko morosamt, men sånn er det no berre, det var dét eg ville ha sagt.

Maria

ø sa...

Takk for det, Maria!

Anonym sa...

Ingenting å takke for!

Maria

Anonym sa...

kommentaren var vel ikke så anonym, altså med ukjent navn,
når en lenke kan knyttes til den raskt som bare det, hva som sies er vel ofte viktigere enn akkurat hvem som sa det, jeg frikobler meg utsagnet, det er sterkt nok til å leve uten min selvpromotering.

lille trille.

Ragnfrid Trohaug sa...

Fabulous!Eg skulle så hjartans gjerne vore der. Eit nerdespørsmål: kvifor skriv du "ho" i objektsform? T.d.: Eg las ho (altså boka). Eg har jo alltid vore så svartsjuk på deg som har objektsform av "ho" i dialekten din.

ø sa...

Ragnfrid, eg veit ikkje. Det er akkurat som om eg brukar ho i objektsform når det er – nettopp – eit objekt og ikkje ein person, og at "eg las henne" for meg lyd som ei personifisering av boka. Men det er jo eit teikn på skurr i språkøyret mitt.

På den andre sida er det jo veldig mykje ein skriv som ikkje er rotfesta i kva ein seier. (Utan at eg kan forklare det, skriv eg til dømes "byrje", sjølv om eg seier "begynne". Konservativt. I den andre retninga skriv eg "først", sjølv om eg seier fysst/fyrst. Og mange andre ting som ikkje er spesielt gjennomtenkt.)

synnik sa...

godt at du er tilbake igjen, øystein. og apropos øyvind v. bloggen i skoddeheimen eller hva nå den heter haren urovekkende lenke til en sak i dagsavisen om noen aktivister utenfor et nedleggingstruet bibliotek, men bildet viser øyvind og spikeren. hva kan man tro?