6.5.05

Ein gammal favoritt

Etter eit uforklarleg fråver her, er eg no tilbake, med eit rykk, men berre eit lite eit, for å trekke fram ein gammal favoritt med ein generøs, reflekterande og sympatisk poetisk praksis og eksistens på nettet. Han har ein nettstad som òg er ein slags blogg, med mykje innhald. Helge Rykkja skreiv seg ein gong inn i mitt hjarte, vil eg seie, med dette diktet frå Poesi (Pax, 1968):

Det er ikke noe i veien med ørene mine. Det er ikke
noe i veien med ørene mine. Det er ikke noe i veien
med ørene mine. Det er ikke noe i veien med ørene
mine. Det er ikke noe i veien med ørene mine. Det
er ikke noe i veien med ørene mine. Det er ikke noe
i veien med ørene mine. Det er ikke noe i veien med
ørene mine. Det er ikke noe i veien med ørene mine.

Eg har vore innom nettstaden før, utan å oppdage at det ligg gode utdrag både frå gamle og nyare diktsamlingar, og dessutan fleire interessante artiklar. Blant dei siste: ein om konkret poesi (der Vemund Solheim Ådland er med, kvifor har eg ikkje sett dette før?), og – undervegs – ei melding av Ingrid Storholmen si nye bok.

9 kommentarer:

Anonym sa...

Han er tilbake!
Hallellujah!

Mvh.
Leser

Unknown sa...

Takk for det, Espen!

Anonym sa...

reklamerer du bare for kjente venner, eller kan du reklamere litt for meg også?

lille trille.

Unknown sa...

Kjære lille trille: den omtalte er ikkje ein ven, eg har aldri møtt han. Men du, lille trille, er kanskje ein ven? Reklamerer eg ikkje alltid for deg?

Anonym sa...

lille trille er stort sett en venn.

hilsen lille trille.

Anonym sa...

har du glemt lille trille?

Anonym sa...

Takk for fin kritikk og energisk og effektiv reklamering. Du har skaffa meg mange besøk inn på nettstaden min, diktsidene! Eg blir nysgjerring på forfattarskapen din, som eg vil prøve meg på, og håper vi snart kan helse på kvarandre i Bergen eller ein annan plass der litteraturen går føre seg.

Unknown sa...

Helge R! Hyggeleg at du sette pris på omtale. Eg let meg absolutt helse på i Bergen eller andre stader. Det er berre å ta kontakt om du skulle vere i byen!

Anonym sa...

Eg er litt seint ute, men de gjer ein stor jobb med Biblioteket Gasspedal, må eg berre seie. Eg har forresten barnebarn i Bergen, og du skal sjå eg troppar opp - også for å lukte på byen og det litterære livet som er like mykje der som i ein annan, eg heldt på å seie, BY.

Mvh Helge