29.3.05

Påskesentimentalitet

Ei bølgje steig opp over fyllinga, ei mjuk rørsle i sollyset. Noko for opp derifrå og blei til luft. Dei høge grantrea bakom, det var som å sjå på dei gjennom ei væske, gjennom vatn, ei elv. Ei elv som rann oppover, med klart, fargelaust, reint vatn som rann sakte rett til vers. Og fyllinga låg der med sine vaskemaskiner, fjernsyn, bildekk, støvlar, plastposar, papir, kjolar, sko, bukser, oljefat, sjalusiar, høgtalarar, trinser, bokser, bilradioar, sofaer, stolar, paraplyar, bjelkar, gensarar, barnevogner, hjulkapslar, syklar, omnar, tørketromlar, omnsplater, plankar og stolar. Det gav ei glad spenning i heile kroppen å vere her, i tankane utgjorde det ei makt. Ikkje på grunn av det han kunne finne eller det han kunne sjå, han, den merksame observatøren av alt det folk ikkje ville sjå. Nei, berre over det å vere her, som var å vite noko om dei andre som dei ikkje visste sjølve. Å vere her, som tydde å kaste seg ut i det som berre var eit mørke for dei – det dei gjorde seg blinde for, det som flaut gjennom fingrane deira – det kjendest alltid som ein siger. Det var laurdag ettermiddag, og det var stengt. Det var vår og sol. Han var åleine og så glad at han hadde lyst til å synge. Og det gjorde han, Georg, tolv, gullstrupe mellom haugane av alt det som hadde blitt lagt der med eit sukk. Sukka som låg over fyllinga som eit tungt lag av utpust, det frå dekka under den overlessa tilhengaren når sofaen vart løfta av planet, det frå han og ho som bar han og sette han ned, sukket over å få ein gammal sofa ut frå ei overfylt garasje, det frå ei utsliten dotter då mors gamle sofa vart boren ut frå den snart tomme barndomsheimen, det frå ei gammal mor som berre sette seg om arbeidet var ferdig, det frå sofaen sjølv då den gamle strekte seg ut på sofaen og plutseleg var yngre igjen, det frå ein ung mann som berre fekk sove i tjue korte minutt etter middagen, det frå lærlingen ved Førde møbelfabrikk då ramma på fjerde forsøk passa i hop, det kollektive sukket frå systova då den nytilsette inspektøren lukka døra bak seg med den høgre handa, samtidig som han med den venstre handa plasserte klokka i jakkelomma, var eit kviskrande kor bak den skingrande stemma til Georg som no leitte seg fram i ein liten haug av kasser med gamle bøker og brev, ei herleg fråtsing i døde ting med hemmelege etterliv.

24.3.05

Szymon Golec seier

No smeltar snøen. Sola dinglar som ei gigantisk gullklokke mellom hendene til Den store hypnotisøren der oppe. Eg høyrer ei skipsfløyte og skriv på min dystopi.

23.3.05

Ein gotlandsk roadmovie




























Det statiske ved bileta kunne formidle noko av det stilleståande ved stemninga, tenkte eg. At det handla meir om å sjå enn noko anna. At bileta si tausheit kunne formidle den soniske stilla: det blei drukke mykje kaffi, men snakka lite (Andrius kan gammalgresk og latin, men ikkje engelsk. Angela, den engelske professoren i russisk, derimot, har ein son som i fleire år studerte nynorsk på universitetet). Eg tenkte på Kaurismäki-filmen Pass på skjerfet ditt, Tatjana, og helte i ein ny kopp kaffi frå termosen: dei to setningsledda held, igrunnen.

21.3.05

Sverige. Store supermarknader, små forvirringar. Eit enkelt spørsmål, "Påse?" kan svarast lett på med eit enkelt "Nei", det er mitt enkle credo, inntil eg innser at spørsmålet ikkje var "Påse?", men derimot "Bra så?", og at det enkle svaret "Nei", skaper ei forvirring stor nok til å setje heile den svenske identiteten, ja, heile EU-kapitalismen i fare.

Stilla er god, men baltiske stemmer med god brystklang og hovudskalleekko set kreativiteten under overraskande stort press. Den underlege, klukkande, hønemor-aktige latteren frå den eldre svenske forfattaren med dei minuttpresise måltida kjennest derimot trygg.

Ein får aldri lest så mykje som når ein skal skrive, i alle fall gjeld det for min del. Eg har formeleg kasta meg over bøker i to dagar, utan sans og samanheng, Wait Until Spring, Bandini av Fante, Nyryddinga av Løvåsen, Disktrete kulisser av Surén. Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske etc. Ka av Tale Næss som eg sporenstreks lånte på biblioteket i Bergen før eg drog, då eg såg at forfattaren av boka skulle vere her. Historien om øyet av Bataille, og boka som stod ved sida av denne på hylla i biblioteket, og som eg etterpå ved ein feiltakelse beskjemma kom til å la falle ut av veska på bordet framfor Irene over ein øl før avreise: Irenes fitte av Luis Aragon.

I morgon: Gotland på tvers med to litauiske forfattarar (og ingen av dei heiter Szymon Golec).

14.3.05

Det store snøfallet gjorde at eg på veg til jobben i dag måtte vade gjennom store mengder snø. På fortauet om lag halvvegs såg eg ein mann som stod og måka, og kven andre var det enn filosofen Arild Haaland? Ingen! Det var nemleg akkurat han som stod der og skufla. Kven snakkar vi om? Mellom anna om mannen som på førtitalet gjorde slikt inntrykk på NHH-studenten Agnar Mykle på eit møte i Studentersamfunnet at han fekk eit eige kapittel i Sangen om den røde rubin (titulert "Må man elske for å elske?"). Og der stod han, bøygd over snøskufla, seksti år seinare. Då eg kom forbi tok han ei lita pause, lente seg på skaftet. Eg vinka og sa hei. Han smilte breitt med sparsam tanngard og vinka lystig tilbake.

12.3.05

Kvar dag gir meg lyst til å skifte farge. Og form. Kva tyder det? Ei redsle for innhald? Alle kan jo sjå at innlegga på denne bloggen til dømes har blitt kortare og kortare. For først og fremst kjem jo denne lysta til uttrykk her: sjølv om eg skulle ha lyst til å male meg i ansiktet, skifte kroppsform dagleg, så gjer eg ikkje det.

Ein gong leste eg ei bok av ein amerikansk journalist frå New York som på femtitalet smurte seg inn med brunkrem og skokrem og reiste rundt i sørstane eit heilt år for å oppleve på kroppen korleis det var å vere svart. Det var i grunnen ikkje det eg tenkte på. Men det var ei fascinerande historie.

10.3.05

Gotland

Hurra! Her skal eg vere i påska. Då må det jo bli noko skriving, tenkjer eg.

7.3.05

Ei svart utgåve av Grand Canyon. Eit sprukkent landskap så svart at det sluker all farge frå omgjevnadene, så svart at det fysisk syg all pigmentering frå ansiktet som studerer det. Så tørt at det får augene, munnen og ansiktshuda til å stivne til ei maske. Eg snakkar om restane av kaffi i botnen av koppen på lesesalsplassen min som eg brukte i dag for første gongen sidan... altfor lenge sidan.

3.3.05

Eit møte

Dette dumpa ned i innboksen min i dag, frå Norsk Forfattersentrum:

MEDLEMSMØTE I BERGEN TIRSDAG 8. MARS 2005

Sted: Ludvig Bar - Neptun hotell
Tid: kl 20.00 (merk tid og sted)

Tema: Stig Larsson, svensk forfatter/poet i samtale med Øystein Vidnes.

Møtet er et samarbeid med Skrivekunstakademiet i Hordaland.


Eg hadde ikkje tenkt på at dette skulle vere eit lukka arrangement. Men det er det ikkje heller: alle lesarane av denne bloggen er eksklusivt inviterte. Nokon frynsegoder skal ein ha.

2.3.05

Arabiske bøker

Dagbladet melder i dag:



Eg beklagar ikkje manglande lenke til saka, det får vere nok at eg nemner det. Så er vi litt nærare å vite det vi treng om å lese arabiske bøker.