15.12.04

Eit liv utan Word

For om lag tre år sidan hadde eg ein enkel, nostalgisk, naiv, fåfengd, tungtvindt, gammaldags, men også frisk, velluktande, produktiv og mekanisk draum om å plassere ein raud berbar skrivemaskin av merket Olivetti på eit hagebord. Ved sidan av denne skulle det ligge ein bunke ark med ein stein oppå, for det skulle vere ein liten, ørliten bris. Inne mellom trea ikkje langt frå der eg sat skulle eg høyre ein fugl eg ikkje kunne namnet på. Stolen eg sat på skulle vere ein vond gammal kjøkenstol av tre, og knirke kraftig kvar gong eg rørte meg, men det skulle eg ikkje kunne høyre på grunn av klapringa frå skrivemaskinen. Olivettien kosta 1 500 kroner og eg kjøpte den aldri.

I staden har eg har eg brukt Word, kvar einaste dag. Som i åra før det òg. Og som alle andre. Det skulle vel vere noko romantisk over å bruke det same verktøyet år ut og år inn, som ein handtverkar som svergar til sin gamle hammar ("you'll have to pry it from my cold dead fingers"), men eg blir ikkje det minste varm om hjerterøtene ved å tenkje på alle dei timane eg har tilbrakt med å stirre på verktøylinjene i Word. Word er ein hammar med eit skaft som aldri blir varmt, sjølv etter mange timar med intens bruk. Særs dårleg fungerer det til lange dokument, der ein rett nok etter litt om og men kan gjere bruk av det som i min engelske versjon heiter document map, men i tillegg til at dette ikkje fungerer feilfritt, veg det ikkje opp for alle dei tilfella der Word oppfører seg som om det var ein veslevoksen gutunge tilsett som din eigen personlege konsulent, med lisens til å kome med gjennomført tåpelege forslag og hovne kommentarar, invadere intimsfæren din og insistere på å ta flest mogleg val for deg, prinsipielt basert på så mangelfulle premiss som mogleg, og så vidare. Eg kunne halde på ei stund. Eg veit at eg fektar mot vindmøller her. Alle brukar jo Word. Har ein i det heile tatt noko val?

Eg har oppdaga at ja, for meg finst det i alle fall ein del alternativ. Eg har kika litt på desse, og kome til den entusiastiske konklusjonen at eg kanskje ikkje treng å skrive i Word lenger! Det første eg kika på var CopyWrite. Det er ikkje ein teksthandsamar for dei som vil lage fancy festinvitasjonar eller festlege brev, men er spesielt laga for å organisere større tekstmengder og prosjekt. Ein kan ta vare på fleire ulike tekstar, i ulike versjonar, gi dei eigendefinerte statusmerkelappar og eksterne kommentarar og slikt, utan å måtte lage ei mengde ulike tekstfiler. Ein kan også eksportere til rtf-format (lesbart av Word &co). Det heile er veldig oversiktleg, og gir ein sjansen til å konsentere seg om å skrive, og ikkje dille med alt mogleg anna. Etter å ha prøvd det litt vart eg svært entusiastisk, og sat klar til å betale prisen på 29 dollar for ein lisens. Så tenkte eg at eg skulle sjekke om det fantest fleire program som likna. Og det gjorde det jammen. Det finst minst 7-8 liknande program for mac, laga for folk som jobbar med større tekstmengder.

Etter å ha prøvd det kom eg til at eg likar Ulysses betre enn CopyWrite. Det har dei same funksjonane, men kan tilpassast på fleire måtar, og programmet har ein meir avansert eksportfunksjon, der ein har veldig god kontroll på korleis dei resulterande filene ser ut. Det er berre å trykke på eksport, så blir resultatet ein rtf- eller pdf-fil ferdig formatert, etter eigne val. Ein kan òg eksportere til LaTeX-format, som er det realfagsjentene og -gutane brukar når dei skal skrive avhandlingar. Fotnotar kan ein også legge inn. Det aller beste er likevel fullskjerm-moduset, der ein slepp å sjå noko anna på skjermen enn bokstavar, på kvitt eller svart eller kva ein vil, i den fonten, fargen og storleiken ein veljer sjølv.

Med dette sementerer eg vel vidare stemplet mitt som tung nørd. Det får vere.

Framtida er lys, og det er berre fem-seks månader til sommaren.

2 kommentarer:

mrtn sa...

Den aller første skjønnlitterære tingeluren jeg skrev fullstendig på eget initiativ (alder: ca. 10 år, kvalitet: særs dårlig, selv for den alderen) skrev jeg på en skrivemaskin. Og jeg skrev vel et brev eller to på skrivemaskin, før de døde ut. Jeg hadde alltid et urealistisk, nostalgisk forhold til dem, til min far begynte å snakke om dem. Han brukte dem faktisk i sitt daglige virke i minst 35 år, sannsynligvis mer. Han hadde et svært instrumentelt forhold til dem. Men man savner det fysiske i skrivehandlingen.

Sommeren 2003 begynte jeg å skrive for hånd så smått igjen. Det er faktisk sånn jeg husker den sommeren: Å sitte med utsikt over byen i min lille hage, gjerne seint om kvelden, en lett bris, og ikke en skrivemaskin, men en notatblokk med en skikkelig god, svart penn.

Det er noe utrolig tilfredstillende med pennen som lager små blekkete risser i papiret. Men det er umulig å skrive mer enn korte tekster uten å få skrivekrampe. Inntil videre krever min instrumentelle fornuft lys-skrift. Så får vi se om bedre alternativer til Word melder seg. Noen dager savner jeg tekstbasert Wordperfect på min gamle DOS-maskin.

Susanne Christensen sa...

Øystein? Håber du så diskussionen din post har medført på Maltes blog. Og tak for hjælp med kasserne igår!